HeimehjelpHeimehjelp er praktisk hjelp og opplæring for å kunne halde fram med å bu heime.Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.Søknadsskjema Kven kan få heimehjelp? Personar som har behov for praktisk hjelp til husarbeid på grunn av sjukdom, funksjonshemming, manglande nettverk eller andre årsaker kan få heimehjelp.Personar med omfattande hjelpebehov og/eller dårleg buevne vert prioritert. Kva kan du forvente deg av tenesta? At vi har synleg legitimasjonAt vi utfører tenesta etter korleis det er skildra i vedtaketAt du får beskjed dersom vi må avlyseAt vi så langt som råd er vil kome til avtalt dag Kva kan vi hjelpe deg med? Vanleg tildelingspraksis er heimehjelp kvar 4. vekeVi utfører reinhald av primært bad/toalett, kjøkken, stove og soveromVi utfører ikkje hovudreinhald (nedvask) og vask av vindaugeVi utfører ikkje hagearbeid, vedlikehaldsarbeid eller snømoking Dette forventar vi av deg At du behandlar personalet med respektAt du er heime når vi kjemAt du eller pårørande utfører husarbeid som du/de klarer sjølvAt du har synleg namn og nummer på bustaden dinAt du gir beskjed i god tid om du ikkje treng hjelpe, eller om du reiser bortAt du luftar godt inne om du røyker, og at du ikkje røyker rett før vi kjemAt du gir tilbakemelding om behovet ditt endrar seg Kva kostar det? Betalingssatsar for heimehjelp/praktisk bistand er basert på husstanden si samla inntektsgrense som følgjer Grunnbeløpet (G) i Folketrygda, dvs. husstanden si netto likning før særfrådrag. Betalingssats for heimehjelp og praktisk bistand (uavhengig av tal timar) Grunnbeløp i folketrygda Inntekt per år Abonnement per månad Inntil 2G 0–248 050 kroner 240 kroner (sentral forskrift) * 2–3G 248 051–372 075 kroner 1 630 kroner 3–4G 372 076–496 100 kroner 2 040 kroner kroner 4–5G 496 101–620 140 kroner 2 450 kroner Over 5G 620 141 kroner 2 765 kroner Timesats for enkelttimar* 465 kroner per time – til du når satsane i tabellen 1G = 111 477 kroner per 01.05.2022. Det skal betalast timesats for enkelttimar før ein går over på abonnementsordning.Abonnementsprisen er basert på husstanden si samla inntekt med inntektsgrenser som følger grunnbeløpet (G) i folketrygda, dvs. husstanden si netto likning før særfrådrag.Grunnbeløpet vert regulert 1. mai kvart år.Abonnementet vert regulert 1. januar kvart år.Informasjon om grunnbeløpet (G) i folketrygda. Korleis søke om heimehjelp? Bruk skjema for helse- og omsorgstenester.Grunngi kvifor du treng tenesta. Slik behandlar vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje vert avgjort innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka.Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.VurderingVi kartlegg behovet ditt for tenester.Saksbehandlar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk dersom det vert vurdert som naudsynt.Når det vert gjort vedtak i saka vil det gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du vil også få ei grunngiving for vedtaket. Du kan klage på vedtaket Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering.Vert avgjerda ståande, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren. Dette får du melding om.Send klaga di tilUlstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Publisert 06.07.2018 14:40 Sist endra 15.04.2025 12:02