Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)Dersom du har nedsett funksjonsevne og behov for hjelp i dagleglivet, kan du få praktisk og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Hjelpa kan du få både i og utanfor heimen din. Målet er at du får moglegheit for eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv. I BPA-ordninga er du sjølv,eller nære pårørande arbeidsleiar. Liste over leverandørar av BPA (DOCX, 18 kB)Søknadsskjema Kven kan få BPA? BPA passer til yngre funksjonshemma som ønskjer å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsette og leie sine assistentar sjølv, kan dei organisere hjelpa. Brukar, eller annan frivillig person som brukar utpeikar, må vere arbeidsleiar for assistentane. Du kan ha rett til å få organisert tenestene dine som BPA når duer under 67 århar eit langvarig og stort behov for personleg assistanseFor meir informasjon om retten til BPA, sjå pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 d. Kva kostar det? Sjølve BPA-ordninga er gratis. Får du innvilga brukarstyrt personleg assistanse er det kommunen som lønnar assistenten. Du betalar for heimehjelpsteneste og praktisk bistand.Betalingssatsar for heimehjelp/praktisk bistand er basert på husstanden si samla inntekstgrense som følger grunnbeløpet (G) i folketrygda, det vil seie husstanden si netto likning før særfrådrag. Betalingssats for heimehjelp og praktisk bistand (uavhengig av tal timar) Grunnbeløp i folketrygda Inntekt per år Abonnement per månad Inntil 2G 0–248 050 kroner 240 kroner (sentral forskrift) * 2–3G 248 051–372 075 kroner 1 630 kroner 3–4G 372 076–496 100 kroner 2 040 kroner kroner 4–5G 496 101–620 140 kroner 2 450 kroner Over 5G 620 141 kroner 2 765 kroner Timesats for enkelttimar* 465 kroner per time – til du når satsane i tabellen (Abonnementsprisen er basert på hustanden si samla netto inntekt før særfrådrag med inntektsgrenser som følger grunnbeløpet i Folketrygda. Abonnementsprisane vert regulert 1. januar kvart år.1 G = 124 028 kroner per 01.05.2024.Informasjon om grunnbeløpet (G) i folketrygda (vert justert kvart år). Korleis søke om brukarstyrt assistanse? SøknadsskjemaDokumentasjon frå lege, sjukehus eller andre instansar skal leggast ved søknaden. Slik behandlar vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje vert avgjort innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka.Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.VurderingVi kartlegg behovet ditt for tenester.Saksbehandlar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk dersom det vert vurdert som naudsynt.Når det vert gjort vedtak i saka vil det gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du vil også få ei grunngiving for vedtaket. Du kan klage på vedtaket Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering.Vert avgjerda ståande, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren. Dette får du melding om.Send klaga di tilUlstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Publisert 06.07.2018 13:47 Sist endra 15.04.2025 11:55