Støttekontakt

Støttekontakt

Støttekontakttenesta skal vere med å gi personar med særlege hjelpebehov meiningsfull fritid, sosialt samvær og venskapleg hjelp og rådgjeving.

 

Søknadsskjema

Ønsker du å vere støttekontakt?
Kven kan få støttekontakt?

Barn og vsksne som har behov for hjelp, for eksempel på grunn av 

  • fysisk eller psykisk sjukdom
  • skade eller liding
  • sosiale problem

kan ha rett på støttekontakt.

 

Kva kan vi tilby?

Støttekontakten tilbyr mellom anna sosialt samvær og følge til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan vere med deg å gå tur, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Fritidstilbodet skal vere basert på den enkelte brukar sine ønske, behov og forutsetningar. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for fritidskontakten. 

Føremålet med ein støttekontakt er at du som søkar skal få ei meiningsfylt fritid saman med andre.

Koordinator for kontaktordninga gir opplæring og oppfølging av støttekontaktane.
Støttekontaktane må skrive under på at dei har teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at støttekontaktperioden er avslutta.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar må du dekke sjølv.

Du kan søke om følgekort (ledsagerbevis), som gjer at støttekontakten din får gratis inngang på stader som godtek dette beviset. 

Korleis søke om å få støttekontakt?
Slik behandlar vi søknaden din

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje vert avgjort innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka.

Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Vurdering

Vi kartlegg behovet ditt for tenester.

Saksbehandlar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk dersom det vert vurdert som naudsynt.

Når det vert gjort vedtak i saka vil det gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du vil også få ei grunngiving for vedtaket.

Du kan klage på vedtaket

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk vedtaket. 

Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering.

Vert avgjerda ståande, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren. Dette får du melding om.

Send klaga di til

Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.