Omsorgsstønad

Omsorgsstønad

Du kan ha rett på omsorgsstønad dersom du har omfattande omsorgsoppgåver heime. Det kan vere omsorg gitt til både barn og vaksne, i alle livsfasar. 

Søknadsskjema

Kven kan søke?

Familiemedlemmar eller andre som utfører omsorgsoppgåver kan søke.

Ved vurdering av søknad skal det særleg leggast vekt på fylgjande moment: 

  • Om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • Om omsorgsabeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn 
  • Om omsorgsarbeidet skjer over tid eller i periodar 
  • Om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid 
  • Om omsorgsarbeidet gjeld for meir enn ein person

 

Finn søknadsskjema her

Slik behandlar vi søknaden din

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje vert avgjort innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka.

Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Vurdering

Vi kartlegg behovet ditt for tenester.

Saksbehandlar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk dersom det vert vurdert som naudsynt.

Når det vert gjort vedtak i saka vil det gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du vil også få ei grunngiving for vedtaket.

Du kan klage på vedtaket

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk vedtaket. 

Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering.

Vert avgjerda ståande, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren. Dette får du melding om.

Send klaga di til

Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.




 

Kontakt

Ann Magritt Hatløy
spesialkonsulent
E-post
Mobil 48 89 31 83
Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40