Korleis jobbar kommunepsykologen?
Hovudoppgåva til kommunepsykologtenesta er førebygging og helsefremmande arbeid. Vi hjelper kommunen i spørsmål om psykisk helse i alle tenester, planar og i samarbeid mellom instansar.
Når vi jobbar førebyggande, er det viktig å ha fokus på tiltak som hjelper før utfordringane vert for store. Difor er det naturleg å ha eit særleg fokus på oppveksttilhøve til barn og unge. Kommunepsykologen jobbar difor tett opp mot helsestasjon, barnehage og skule.