HLFs likepersontilbod er eit supplement til det offentlege rehabiliteringstilbodet. HLFs likepersonar gjer ein frivilleg jobb og skal, gjennom sine eigne erfaringar og kunnskap, gi hjelp som:
- vere ein god samtalepartnar
- motivere til å bruke aktuelle hjelpemiddel
- informere
- gi råd og rettleiing
HLFs likepersonar har gjennomført opplæringskurs og er godkjende til å utføre likemannsarbeid innanfor den gruppa man har eigen erfaring frå og er sertifisert for.
Likepersonar har teieplikt. Det kostar ikkje noko å benytte ein likeperson.
Ein likeperson skal vere bevisst si rolle ovanfor det offentlege hjelpeapparatet og skal ikkje gå inn i behandlarrolla. Det er brukaren som avgjer om han eller ho ønskjer kontakt med ein likemann.