Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm

Ein tryggleiksalarm er ein alarmknapp du kan nytte for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar.

Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.

Søknadsskjema 

Kva er ein tryggleiksalarm?

Ein tryggleiksalarm er ein alarmknapp du kan nytte for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Du kan bere han som eit smykke eller som ei klokke på handleddet.

Tryggleiksalarmen er tilknytt vakttelefonen til heimesjukepleia som rykker ut heile døgnet dersom alarmen går.

Alarmen skal medverke til å skape tryggheit og sikkerheit for dei som kjenner seg utrygge ved å bu åleine.

Kven kan søke?

Eldre og menneske med nedsett funksjonsevne som kjenner seg utrygge i heimen.

Kva kostar det?
Betalingssats for tryggleiksalarm
Teneste Betalingssats per månad
Tryggleiksalarm 420 kroner
Korleis søke om tryggleiksalarm

Bruk skjema for helse- og omsorgstenester..

Grunngi kvifor du treng tenesta. 

Dersom du har spørsmål om tenesta kan du rette deg til koordinerande eining. Kontaktinformasjon finn du nedst på sida.

Er du pårørande og skal søke for andre, gjer du det ved å logge på med eigen bank-ID. Hugs å legge ved fullmakt

 

Slik behandlar vi søknaden din

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje vert avgjort innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka.

Vi nyttar ressursorientert saksbehandling. Det vil seie at vi er opptekne av kva innbyggarar klarer sjølve, kva pårørande og anna nettverk kan hjelpe til med, og kva omsorgsetaten kan bidra med. Dette får vi til gjennom samarbeid og dialog med kvarandre, der målet er at innbyggarar med hjelpebehov, skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Vurdering

Vi kartlegg behovet ditt for tenester.

Saksbehandlar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk dersom det vert vurdert som naudsynt.

Når det vert gjort vedtak i saka vil det gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du vil også få ei grunngiving for vedtaket.

Du kan klage på vedtaket

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket kan du klage til kommunen innan fire veker frå du fekk vedtaket. 

Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering.

Vert avgjerda ståande, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren. Dette får du melding om.

Send klaga di til

Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Kontakt

Norunn Margrethe Dimmen
Leiar Koordinerande eining
E-post
Mobil 98 23 06 37
Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40