Landbruksdirektoratet har delt inn landet i ulike veterinærvaktdistrikt. Vaktdistrikta er gjort med utgangspunkt i passande mengde og lokalisering av små og store dyr, akseptable køyreavstandar og infrastruktur som gjer det mogleg å ha veterinær på vakt til ei kvar tid. Ulstein kommune er i vaktdistrikt 152 saman med Herøy kommune, Hareid kommune og Sande kommune.
Det finst i dag ein samarbeidsavtale om at Ulstein er ansvarleg for veterinærvakttenesta i vårt vaktdistrikt.
I vårt vaktdistrikt finst det i dag eit veterinærkontor som ligg i Ulsteinvik. Elles må folk til Ørsta eller Ålesund om dei treng veterinærtenester.
Her finn du heimesida til veterinærkontoret i Ulsteinvik.
Vakttelefon: 70 01 06 54. Utanom ordinær opningstid kan du likevel ringe dette nummeret, og du får moglegheit til å verte sett over til vakthavande veterinær.