«Det skjer i Ulstein» er administrert av oss i kommunen.
Her er «Det skjer i Ulstein» på Facebook.
Slik legg du inn eit arrangement i «Det skjer i Ulstein»
Du må ha eit arrangement oppretta av ei Facebook-side.
Trykk på «rediger» inne på arrangementet og gå ned til feltet «medarrangør». Her skriv du inn «Det skjer i Ulstein». Hugs å lagre. (Viss du ikkje får til endre på telefon-appen, prøv i nettlesaren på ei datamaskin.)
Vi vil så få eit varsel og vil gå gjennom arrangementet for godkjenning.
Når arrangementet er akseptert av oss, vil det dukke opp i kalenderen til «Det skjer i Ulstein».
Det er gjerne slik konsertstader eller kulturhus gjer med arrangement – både artisten og kulturhuset står som arrangør i Facebook-hendinga.
Merk: Du gir sida «Det skjer i Ulstein» full tilgang til å endre/redigere arrangementet ditt. Den retten vil vi sjølvsagt ikkje nytte oss av. «Det skjer i Ulstein» vil berre vere skuggearrangør slik at arrangementet kjem opp i vår kalender. Vi kjem heller ikkje til å svare på spørsmål om arrangementet dykkar.
Retningslinjer for «Det skjer i Ulstein»
Hendinga må i hovudsak skje innafor grensene til Ulstein kommune. Arrangement som er sæskild retta mot innbyggarane i Ulstein, men som skjer i tilstøytande kommunar, kan også bli promoterte.
Hendinga må vere offentleg.
Dersom du har faste samlingar som skjer oftare enn ein gong i månaden, kan du kun kople det førstkomande arrangementet til kalenderen. Dette er naudsynt for at dei større, enkeltståande arrangementa ikkje skal hamne i skuggen.*
Det er lov å promotere hendingar der publikum må kjøpe billett / betale inngangspengar.
Reine kommersielle hendingar – til dømes sal i ein butikk – vil ikkje bli aksepterte.
Vi vil ikkje inkludere arrangement som krev medlemsskap eller på andre måtar er ekskluderande – til dømes treningstider, foreldremøter eller dugnadar i velforeiningar.
Vi har ikkje høve til å hjelpe brukarar med å lage Facebook-side og -arrangement.
Vi vil fjerne arrangement frå sida som ikkje er i tråd med retningslinjene.
Vi vil kunne endre desse retningslinjene viss vi meiner det er naudsynt.
* Det er dessverre ikkje mogleg å nytte funksjonen der du kan legge inn fleire tidspunkt i Facebookhendinga. Viss du ønsker arrangementet ditt inn i Det skjer i Ulstein, må du opprette eit enkeltarrangement for kvar samling.