Tufteparken – friluft og styrketrening for alle! Fotobakken Tufteparken Ulstein er eit lågterskeltiltak for den uorganiserte aktiviteten og folkehelsa i kommunen. Her er det heilt gratis å trene, og den er open for alle heile døgnet året rundt. Parken ligg i Bugarden, og du finn parkering i Osnesbrunene og/eller i Bugardssvingen (Øvrevegen). Parken består av 10 stålrørapparat, der ein kan trene med eiga kroppsvekt. "Street workout" er inspirasjonen bak konseptet som skaper eit heilt nytt alternativ for alle. Vi håper og trur at Tufteparken Ulstein kan inspirere og motivere til ein meir aktiv kvardag for nettopp deg! Gå gjerne inn på www.tufteparken.no for å lese meir om konseptet. Publisert 08.08.2018 11:19 Sist endra 02.01.2024 10:04