FølgekortDersom du har nedsett funksjonsevne og har behov for følge på ulike arrangement, kollektivreiser og/eller fritidsaktivitetar kan du få følgekort (ledsagerbevis). Kva er følgekort? Følgekort er eit tilbod til menneske med nedsett funksjonsevne som treng å ha med følge på kultur- og fritidsarrangement.Retningsliner for følgekort/ledsagerbevis (PDF, 35 kB).Meir informasjon om følgekort og ledsagerbevis på helsenorge.no. Kven kan søke om følgekort? Følgekort skal gi menneske med nedsett funksjonsevne høve til å ha med følge for å kunne delta på arrangement. Den funksjonshemma sitt følge skal kunne få fri eller rabattert adgang til kultur- og fritidsaktivitetar, i tillegg til visse transportmiddel. Kva kostar tenesta? Tilbodet er gratis.Følgepersonen får kome gratis inn på arrangementet. Innehavaren av kortet betaler aktiviteten sjølv. I Møre og Romsdal reiser følgepersonar gratis med offentleg kommunikasjon. Korleis søke? For å få følgekort må du sende ein grunngitt søknad til kommunen. Vi treng passfoto og uttale frå lege, eller anna helsepersonell, for å handsame søknaden din. Det er ingen søknadsfrist – søknader vert handsama så snart vi har fått dei inn. Her er elektronisk søknadsskjema.Dersom du vil ha søknadsskjemaet på papir, eller treng hjelp til sjølve søknaden, er du velkomen til å ta kontakt med servicetorget på rådhuset. Opningstida er klokka 09.00–15.00. Telefon 70 01 75 00. Publisert 11.10.2018 10:58 Sist endra 29.01.2025 12:50