Ulstein frivilligsentral UNG
Ulstein frivilligsentral UNG skal stimulere ungdom til frivillig innsats, legge til rette for opne møteplassar, og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor.
Ulstein frivilligsentral UNG vart etablert hausten 2022. Målet er å få ungdom meir aktive i frivillig arbeid, spesielt frivillig arbeid retta mot barn og unge, og saman med ungdom skape aktivitetar, sosiale møtestadar og fellesskap i nærmiljøet i Ulstein.
Frivilligsentral UNG vil knyte tettare band mellom kommunen og dei frivillige laga og organisasjonane i kommunen, og skal ha auka fokus på utanforskap, inkludering og integrering.
Publisert 29.02.2024 09:31
Sist endra 13.03.2025 10:51