Kontantkassa

Kontantkassa

Kontantkassa skal bidra til at fleire barn og unge har råd til å vere med på organiserte fritidsaktivitetar. I Ulstein kan trenarar og leiarar søke om støtte til dette.

Søknadsskjema

www.kontantkassa.no er ei støtteordning der trenarar og leiarar på ein enkel og ubyråkratisk måte kan søke om pengar til enkeltpersonar, slik at alle barn og unge mellom 6-18 år skal få delta i organiserte fritidsaktivitetar, uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon. Støtta kan til dømes verte brukt til å betale kontingent/eigendel, lommepengar til turar, konkurransar og turneringar knytt opp mot ulike fritidsaktivitetar. 

Det er laget/foreininga (idrettslaget, korpset, koret etc.) som kan sende søknaden til kommunen. Ressurspersonar som jobbar i kommunen, som helsesjukepleiarar, miljøterapeutar, rådgivarar, barnevernstenesta m.m. kan også søke. Barnet eller familien kan ikkje søke sjølve. 

Det er mogleg å søke om inntil 2.400 kroner i tilskot per person per år.