Kven kan søkje?
Lag og organisasjonar heimehøyrande i Ulstein kommune, eller som har arbeidet sitt retta mot menneske eller grupper heimehøyrande i kommunen kan søke om generelle tilskot.
Kva tiltak kan ein søkje på?
Alle tiltak som har til formål å betre livskvaliteten til menneske i kommunen
Kor mykje midlar er til rådvelde?
Levekårsutvalet i Ulstein disponerer årleg 50.000 kr til føremålet, og løyver kr. 25.000 per halvår.
Samfinansiering
Det er ikkje krav om samfinansiering, men søknaden skal skildre korleis midlane er tenkt brukt i ein heilskapeleg samanheng.
Søknadsfrist
- Søknadsfrist for tildeling 1. halvår: 1. mai med tildeling innan utgangen av juni.
- Søknadsfrist for tildeling 2. halvår: 1. oktober med tildeling innan utgangen av desember.
Korleis søkje?
Der er ikkje eige søknadsskjema til søknad om generelt tilskot.
Søknad kan sendast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no. Merk søknaden "Generelle tilskot".