Løyve til handel av fyrverkeriDen som skal ha løyve til handel av fyrverkeri og pyrotekniske varer, må drive handelsverksemd med fast utsalsstad, og verksemda skal ha tilsett ein særskild utpeikt person med gyldig kompetansebevis. Handtering av fyrverkeri vert regulert av forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff og forskrift om pyrotekniske artikler. Krav til løyve Det er kommunen (Ulstein og Hareid brannvesen) som gir løyve til handel med fyrverkeri. For å få løyve må ein drive handelsverksemd med fast utsalssstad Det er ikkje lov å ha utsalsstad i bygg med bueiningar eller inne i kjøpesenter Dei som sel fyrverkeri skal ha ansatt minst ein person som har gått obligatorisk handelskurs og som kan framvise gyldig kompetansebevis frå Norsk Brannvernforening Sal av fyrverkeri direkte til forbrukar er kun tillatt i perioden 27. til 31. desember. Handelen skal foregå over disk Korleis søke? For å søke om løyve til handel av fyrverkeri - bruk dette elektroniske søknadsskjemaet. Søknad må vere kommunen i hende innan 1. mai. Tilsyn Brannvesenet gjennomfører tilsyn med utsalsstadane i romjula. Publisert 11.03.2020 12:48 Sist endra 02.01.2024 09:47