Sal av tobakk og tilsynsavgift

Sal av tobakk og tilsynsavgift

Alle som sel tobakksvarer må registrere seg i Helsedirektoratet sitt tobakkssalsregister. Det gjeld også sal av e-sigarettar, gjenoppfyllingsbehaldarar, urtebaserte røykeprodukt og andre tobakkssurrogat.

Salsstaden er sjølv ansvarleg for å oppdatere opplysingane i registeret.

Alle som skal slutte å selje tobakksvarer må sjølv avregistrere seg i tobakkssalsregisteret. Dette gjeld også midlertidige salsstadar.

Kontroll av tobakkssal

Kommunen sitt kontrollselskap kontrollerer alle stadar som sel tobakksvarer til forbrukar.

Vi ser mellom anna etter:

  • at opplysingane i tobakkssalsregisteret stemmer med opplysingane på salsstaden
  • at tobakksvarer ikkje vert seld til personar under 18 år
  • at det ikkje vert reklamert for tobakksvarer
  • at tobakksvarer og tobakksutstyr ikkje er synleg oppstilt (gjeld ikkje spesialforretningar)
  • at tobakksvarer ikkje vert seld med rabatt eller vert gitt vekk
  • at varene er kjøpt frå registrert grossist
  • at salsstaden har internkontroll som gir dei tilsette god nok kunnskap om regelverket
     

Internkontroll for stadar som sel tobakk

Alle salsstadar for tobakk skal ha eit internkontrollsystem. Internkontrollen inneber at dei ansvarlege på salsstaden skal:

  • ha oversikt over lovverket
  • gi dei tilsette opplæring i regelverket og salsstaden sine eigne rutinar
  • ha oversikt over korleis oppgåver og ansvar er fordelt
  • kartlegge utfordringar
  • ha rutinar for å sikre at regelverket vert overhalde
  • ha rutinar for å førebygge, avdekke og rette opp avvik
  • gjennomgå internkontrollen regelmessig

 
Her er mal du kan bruke for internkontoll (ODT, 14 kB). (Fil henta frå Oslo kommune].

 

Brot på tobakksskadelovgivnaden

Brot på regelverket kan leie til ulike reaksjonar:

  • retting av det ulovlege forholdet
  • salsforbod i ei periode
  • tvangsmulkt

 

Tilsynsavgift

Alle salsstader for tobakk må kvart år betale ei tilsynsavgift til kommunen.

Tilsynsavgifta følgjer satsane i Forskrift om registrerings- og bevillingsordning for tobakksvarer mv - Lovdata § 33.

 

Meir informasjon

Tobakk, røyk og snus - Helsedirektoratet