Når treng du salsløyve?
Daglegvarebutikkar som skal selje alkohol må søkje om salsløyve.
Salsløyve gjeld for drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol.
Korleis få salsløyve?
- Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel.
- Styrar for salsløyvet og vara for styrar må ha kunnskapsprøva, vere over 20 år og vere tilsett eller arbeide på skjenkestaden i kraft av eigarstilling.
Korleis søkje om salsløyve?
Søknadsskjema - søknad om salsløyve
I søknaden skal du skildre konsept og lokalisasjon.
Vedlegg som må følgje søknaden
- Kunnskapsprøva for styrar for salsløyvet og vara for styrar
- Etablerarprøva for dagleg leiar
- Stadfesting på lovleg åtkomst til lokalet
- Styrar og vara for styrar må vere over 20 år
- Dokumentasjon på at styrar og vara for styrar er tilsett i verksemda eller arbeider der i kraft av eigarstilling
- Dokumentasjon på eigarforhold
- Aksjeselskap skal sende aksjeeigarbok (ikkje eldre enn 6 månader]
- Planteikning der salsarealet er tydleg skravert
- Kopi av overdragingsavtale ved eigarskifte
Kommunen kan setje vilkår for utøving av løyvet.
Behandlingstid
Søknad om salsløyve vert behandla innan fire månader frå fullstendig søknad er innkome.
Søknaden vert sendt på høyring til Skatteetaten og Møre og Romsdal politidistrikt.
Dersom høyringsinstansane har merknader kan det ta lengre tid.
Meir informasjon