Serveringsløyve

Serveringsløyve

Alle som skal servere mat som skal nytast på staden, må ha serveringsløyve. 

Når treng du serveringsløyve?

Du treng som hovudregel serveringsløyve dersom du skal servere mat og/eller drikke.

Du kan overta ein serveringsstad med serveringsløyve, men du må då søke om nytt serveringsløyve innan 30 dagar. Du kan drive serveringsstaden vidare medan du ventar på at søknaden om nytt serveringsløyve vert behandla. Les meir om eigarskifte her [LENKE KJEM].

Du må også ha serveringsløyve for å selje mat og/eller drikke frå ei matvogn. Du kan søkje om leige av plass til matvogn her.

 

Korleis få serveringsløyve?

Serveringslova stiller krav til uklanderleg vandel.

Dagleg leiar må ha etablerarprøva.

 

Korleis søke om serveringsløyve?

Skjema - søknad om serveringsløyve

Vedlegg som må følgje søknaden:

  • stadfesting på at dagleg leiar har teke etablerarprøva eller at prøva vert ettersendt
  • dokumentasjon på eventuell overdraging av serveringsstad

 

Behandlingstid

Vi behandlar normalt søknad om serveringsløyve innan 60 dagar frå fullstendig søknad er innkome.

Søknaden vert sendt på høyring til Skatteetaten og Møre og Romsdal politidistrikt.

Dersom høyringsinstansane har merknader kan det ta lengre tid.

 

Meir informasjon

Kontakt

Rebekka Valde Bjørndal
jurist
E-post