Skattelister til offentleg ettersyn
Frå slutten av februar til 15. april ligg skattelistene for eigedomsskatt ute til offentleg ettersyn.
I den same perioden ligg også listene over eigedomar med fritak ute til offentleg ettersyn.
Listene syner alle skattepliktige eigedomar gjennom matrikkelnummer, takst, grunnlag skattesats og utrekna skattesum.
Lenke til høyringar og kunngjeringar på kommunen si nettside.
Listene er også å finne i Ulstein rådhus, 1. etasje.
Når skal eg betale?
Eigedomsskatten skal betalast samtidig med kommunale avgifter. Oversikt over terminar med forfallsdato ser du her:
Kva omfattar eigedomsskatten?
Skatten gjeld faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Alle bustad- og fritidseigedomar (også våningshus, garasjar og naust) og ubygd grunneigedom er omfatta. Tomter regulert til næring er ikkje omfatta. Nyoppførte bustadhus får fritak inntil det føreligg formuesgrunnlag frå skatteetaten, men maksimalt eitt år etter oppføring.
Korleis vert skatten rekna ut?
Skattesatsen er for 2024 sett til 1,5 promille av bustadverdien. Kommunestyret har vedteke at grunnlaget for eigedomsskatten skal vere bustadverdiane i registeret «Formuegrunnlag for likning av bustader i Ulstein kommune» frå skatteetaten. Landbrukseigedomar skal etter eigedomsskattelova ha kommunal takst.
Kva når bustadverdien manglar?
For nokre bygg og eigedomar manglar det ein bustadverdi frå skatteetaten. Typisk vil det gjelde våningshus på frådelte landbrukstomter, hytter, naust, garasjar og tomteareal – og eigedomar som er ferdigstilte siste år. Skattetakstnemnda i Ulstein takserer verdien av bygga og eigedomane som manglar formuesgrunnlag. Det vert då gjennomført synfaring og taksering i hht vedteken sjablong. Nemnda er vald av kommunestyret og taksten som vert sett gjeld i ti år så sant det ikkje skjer større endringar ved eigedomen eller det kjem inn formuesgrunnlag.
Skattetakstnemnda nyttar ein sjablong til å rekne ut eigedomsskatten som du kan laste ned her. (PDF, 353 kB)
Kva om der er fleire eigarar?
Der det er registrert fleire eigarar, er det berre éin som vert eigarrepresentant og får skattesetelen og rekningane. Om du meiner at det er ført feil eigarrepresentant på ein eigedom, kan du ta kontakt med kommunen. Sjå kontaktinformasjonen nedanfor.
Korleis kan eg klage?
Du kan klage på taksten for eigedomen din. Legg merke til at du må sende klagen til den som har fastsett taksten. Skattesetelen du har fått tilsendt, fortel kven som har fastsett taksten.
Viss du vil klage på ein takst som skattetakstnemnda i Ulstein har fastsett, kan du klage til kommunen. Klagen vert då først handsama av skattetakstnemnda. Viss nemnda ikkje tek klagen til følge, vert han sendt vidare til klagenemnda. Send brev eller e-post, adressene finn du nedst på denne sida.
Viss du vil klage på ein takst som er fastsett ut frå bustadverdien frå skatteetaten, må du ta kontakt med skatteetaten. Du kan også ringe tlf. 800 80 000.
Fristen for å klage er 15. april 2024. Klagen må vere skriftleg. Merk klagen med gards- og bruksnummer, eventuelt også feste- og seksjonsnummer. Gi opp telefonnummeret ditt.
Kan ein få fritak for eigedomsskatt?
Fristen for å søke om fritak er 15. februar 2024. Ein kan søke om fritak for eigedomsskatt for:
- «eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten» og/eller
- «bygning som har historisk verde».
Meir informasjon