Informasjon til hjortejegerar 2024

Informasjon til hjortejegerar 2024

Jaktinformasjon til hjortejakta i Ulstein kommune i 2024.

Legg merke til at den kommunale ordninga med stikkprøvekontroll av felte hjort no er historie. Det betyr og at jegerane ikkje lenger skal melde frå til kommunen innan 48 timar når dei har felt ein hjort.

Jakttid

Jakttida på hjort er 1. september–23. desember.

Skadeskyting og ettersøk

Det er krav om at alle jegerar/jaktlag skal ha skriftleg avtale om tilgang på godkjent ettersøkshund. Det er ikkje lov å jakte utan slik avtale. 

Ved skadeskyting av hjort eller uavklart situasjon etter påskyting av hjort, skal godkjend ettersøksekvipasje tilkallast og ettersøk gjennomførast. All jakt i jaktfeltet skal stoggast medan det pågår ettersøk. Pliktig ettersøk på eige vald er den dagen dyret vart påskote og om nødvendig ut dagen etter. Ved ettersøk som går over på anna vald, opphøyrer retten til ettersøk og felling ved utgangen av dagen den skadeskotne hjorten kom inn i valdet. 

Er ettersøket første dag utan resultat skal jaktrettshavar og kommunen eller politi kontaktast og informerast om situasjonen. Når pliktig ettersøk er utan resultat skal kommunen avgjere om ettersøket kan avsluttast eller om ettersøket skal halde fram. 

Den jeger eller jaktlag som står for skadeskytinga pliktar å delta utan vederlag ved pålagt ettersøk. Det er lov å bruke kunstig lys til ettersøk etter påskoten hjort. Men før ein tek i bruk kunstig lys har jegeren plikt til å varsle politi, jaktrettshavar og kommune om bruken

Rapportering av sett hjort og felt hjort - Merk ny app!

Frå årets jakt skal ein bruke ein oppdatert app for registrering av sett og skoten hjort. 

Last ned appen her.

Fastsetting av alder på felte dyr 

I dei fleste tilfelle er det fullt mogleg å bedømme om ein felt hjort er kalv, ungdyr (1,5 år) eller eldre (2,5 år +), om ein sjekkar kjeven/tennene. Dette bør gjerast, for å kunne rapportere med rett alder i hjorteviltregisteret. 

Her kan du lese meir om korleis aldersbestemme felt hjort: Aldersbestemme felt elg og hjort - Hjorteviltportalen.

Refusjonsordninga

Valda i Ulstein kan få ein refusjon tilsvarande 30 prosent av innbetalt fellingsavgift under følgjande vilkår: 

  • Valdet registrerer sett hjort opplysingar frå alle jaktfelt gjennom den elektroniske løysinga i hjorteviltregisterert, seinast 14 dagar etter jakta er slutt. Om det er jaktfelt det ikkje har vore jakta på sender valdsansvarleg melding om dette til kommunen. 
  • Valdet registrerer slaktevekter for alle felte dyr gjennom den elektroniske løysinga i hjorteviltregisteret, seinast 14 dagar etter at jakta er slutt. 
  • Fellingsrapporten er levert inn i samsvar med reglane som ligg føre i Forskrift om forvaltning av hjortevilt. 
Merka hjortar

Hjort med gps-klave og øyremerke

Det er no berre ei kolle som er merka med gps-klave og øyremerke i Herøy, Ulstein, Hareid og Sande. Hjort med gps-klave skal IKKJE fellast. Hjort med gps-klave kan føljast her: Kilden - viltkart (nibio.no)

Om ein er uheldig og likevel feller hjort med gps er det svært viktig at kommunen blir kontakta med det same. Det skal brukast rett verktøy for å fjerne klaven, ikkje kniv eller liknande. Dyret skal vegast, og kjeven og øyremerka skal takast vare på.

Hjort med berre øyremerke

Når dei merka hjortane ikkje har gps-klaven lenger, kan dei fellast på lik line som andre dyr. Gje beskjed til kommunen så snart som råd. Øyremerke skal takast vare på. Dyret skal vegast og kjeven skal takast vare på for innlevering.

 

Kvotefri jakt på hjortekalv

I Ulstein kommune har desse valda fått tildelt kvotefri jakt på hjortekalv i 2024:

  • Vik/Hofset hjortevald
  • Hasund/Strandabø hjortevald
  • Flø hjortevald 

Kvotefri jakt på kalv gjeld for alle jaktrettshavarar i valdet. Dette vil seie at alle jaktrettshavarar kan felle eit fritt tal kalvar på sin eigen eigedom. Det er sjølvsagt lov å la andre felle kalv på eigedomen.

Raportering og fellingsavgift

Jaktdagar og felling av ekstra kalvar skal rapporterast i hjorteviltregisteret/sett og skutt på lik linje som andre jaktdagar. Det skal betalast fellingsavgift for kvotefrie kalvar på lik linje som andre felte dyr.

Skrantesjuke/CWD

Symptom på sjukdomen er mellom anna avmagring og unormal framferd. Smitteoverføring skjer via beite, spytt og urin. Det er ikkje kjend at sjukdomen kan smitte til menneske, verken frå dyr eller kjøt. Ser de dyr som kan vere sjuke skal kommunen varslast.

Innmelding av felte dyr – ordninga utgår

Den kommunale ordninga med stikkprøvekontroll av felt hjort, og innmelding av felte dyr undervegs i jakta, er no avvikla. Viltutvalet i Ulstein kommune vedtok endringa i møte den 14.08.2024

Melding til kommunen/viltutvalet

Melding til kommunen gjeld ettersøk på mogleg skadeskutt hjort, bruk av kunstig lys på ettersøket, om observasjonar av skada og sjuke dyr eller mistanke om skrantesjuke. 

Send melding eller ring til Hans-Ole Låbakk, telefon 95 70 06 57.