Ny eller endra avkøyrsleSkal du sette opp garasje og må lage ny avkøyrsle til kommunal veg, eller flytte eller endre på ei eksisterande avkøyrsle? Då må du søkje om det. Skal bruken til avkøyrsla endrast, til dømes dersom fleire bueiningar vert knytt til avkøyrsla, må du søkje om løyve til utvida bruk. Dersom det gjeld avkøyrsle til fylkesveg må du søke hos Statens vegvesen. Avkøyrsle frå kommunal veg § 4.2 i føresegnene til kommuneplan, jf. plan- og bygningslova (PBL) § 11-9 nr. 3): Opparbeiding/endring av avkøyrsle frå kommunal veg skal godkjennast av kommunen. Plassering og utforming skal visast på situasjonsplan. Geometrisk utforming og krav til sikt skal vere i samsvar med Statens vegvesen sine normalar. Det skal i godkjenninga av avkøyrsla fastsetjast kva kategori veg det er snakk om (hovudveg, samleveg eller tilkomstveg). Sjå meir detaljar i Statens vegvesen sin rettleiar. Stigning på avkøyrsla kan vere maks. 1:8 med utflating mot kommunal veg på 1:25 i minimum fem meters lengde. Dette skal dokumenterast ved lengdeprofil. For avkøyrsle frå veg med veggrøft skal det leggast stikkrenne gjennom avkøyrsla. Minste diameter på rør skal vere 160 mm (6"). Til stikkrenne skal det nyttast vegrør eller tilsvarande rør med muffe (ikkje rørbitar eller rør utan muffe). Stikkrenna skal gå min. 0,4 meter utom fylling for avkøyrsla. Avkøyrsle med tilhøyrande stikkrenne skal haldast ved like av grunneigar eller brukar, utan omsyn til kven som har bygt eller kosta avkøyrsla. Dersom avkøyrsle vert bygt eller nytta i strid med godkjenning, kan det gjevast pålegg om at avkøyrsla skal stengast, endrast eller flyttast på den ansvarlege sin kostnad, jf. veglova § 42. I tillegg til desse vilkåra spelar trafikktryggleik ei stor rolle. Det er t.d. ikkje ønskeleg med meir enn ei avkøyrsle til kvar eigedom og unødig breie/udefinerte avkøyrsler då dette kan gje eit uoversikteleg trafikkbilete. For mange avkøyrslar langs ei kort strekning er heller ikkje ønskjeleg. Fellesavkøyrsle bør difor nyttast der dette er mogleg. Avkøyrsle i samband med frittståande garasje eller carport Vert garasje eller carport plassert med innkøyring vinkelrett på veg er det sett eit krav om minst 5 meter avstand frå garasjeport / opning carport til eigedomsgrense mot veg. Vert garasje eller carport plassert med innkøyring parallelt med veg er det krav om minst 2 m avstand frå bygningen til eigedomsgrense mot veg. Kva kostar det? Etablering av ny avkøyrsle i samband med ein byggesøknad for t.d. oppføring av ny bustad eller garasje vil ikkje i seg sjølv utløyse eit eige gebyr. Men vert det søkt om flytting eller endring av eksisterande avkøyrsle som eigen søknad vert det gjeve gebyr for det. Gebyr for avkøyrsle 2024-satsar Teneste Pris Mindre arealuavhengige tiltak 5 300 kr Korleis søker du? Du kan nytte dette søknadsskjemaet som sendast til postmottak@ulstein.kommune.no. Kryss av for "anna" og beskriv kva det gjeld. Publisert 24.10.2018 12:29 Sist endra 04.01.2024 11:32