Snøbrøyting

Snøbrøyting

Kommunen har ansvaret for å brøyte kommunale vegar. Det er teknisk etat og eksterne entreprenørar kommunen har avtale med, som brøyter. 

Har du spørsmål om brøyting? Ring sentralbordet på tlf. 70 01 75 00 mellom klokka 10.00 til 14.00 på kvardagar. Elles, ring teknisk vakt

 

Kart over brøyteroder finn du her.

 

Snø som vert brøyta eller fresa inn på privat eigedom

Som bebuar langs offentleg veg kan du oppleve at vi brøyter eller freser snø inn på privat eigedom. Dette er innanfor tolegrensa etter nabolova sine føresegner. Dess større snøfall, dess høgare er nabolova si tolegrense.

Trafikktryggleik er viktig, og viktigheita av at offentleg veg vert brøyta veg tyngre enn ulempene kvar einskild har med snø inn på privat eigedom. Private skal ikkje legge snø inn på offentleg veg.

Private installasjonar inntil offentleg veg 
(bygningar, gjerde, murar og planter m.m.):

 Det er viktig at slike installasjonar toler konsekvensen av normalt og forsvarleg vintervedlikehald.

Ved store snømengder vil ein etter kvart oppleve at snøen vert pressa(sidevegs) meir og meir ut mot private eigedomar. Dette er ein naturleg konsekvens av snøbrøyting, og innanfor tolegrensa slik nabolova vert tolka.

 Om ein pressar snø direkte opp mot ein installasjon, til dømes ved at ein ryggar mot installasjonen med skjeret nede, vil dette vere aktløyse og brøyteentreprenør er då erstatningspliktig.

 Om du har ein installasjon som står utsett til, bør du gjere tiltak for å synleggjere denne, og eventuelt forsterke den slik at den toler påkjenning frå ein traktor eller lastebil.


På Doffin legg vi ut kunngjering for anskaffing av brøytetenester.