Strøing

Strøing

Kva prioriterer vi når det trengst strøsand på kommunale vegar og plassar?

 

Dette prioriterer vi å strø

  • nokre bratte bakkar og stoppsoner i enkelte vegkryss
  • stader der mange ferdast
  • fortau, gangvegar og andre gangsoner

 

Kontaktinformasjon

Vi har inga vaktordning for strøing utanom ordinær arbeidstid, men ved spesielle behov kan du ringe teknisk vakt på telefon 47 60 10 00. 

På kvardagar frå klokka 10.00 til 14.00 kan du ringe sentralbordet på telefon 70 01 75 00 viss du har spørsmål om strøinga. 

 

Fylkesvegar

Fylkesvegane tek Statens vegvesen seg av. 

  • Fv. 5882: Sentrum-Flø
  • Fv. 61: Dragsundbrua-Hareid, Strandabøen-Sentrum
  • Fv. 653: Garneskrysset-Furene
  • Fv. 5884: Hasundkrysset-Dimnøya rundt

 

Oppmoding

Sjølv om vi strør, er det naturlegvis glatt mange stadar om vinteren. Derfor oppmodar vi alle om å sko seg godt – gjerne med broddar – og ha gode dekk på bilen.