Drama er inndelt i gruppe etter alder.
Undervisninga (3.-4. kl.) er i hovudsak basert på dramaleik. Vi skal ga det gøy saman, gå inn i ulike roller, kanskje lage kostymer og bli kjent med dramafaget. Vi jobber saman mot ein visning i løpet av skuleåret.
Undervisninga (5.-7-kl.) er basert på dramaleik og karakterbygging. Vi skal teste ut ulike teknikkar ein kan bruke for å skape karakterar. Vi skal innom ein dramatisk tekst og vi skal le og ha det gøy. Vi jobbar saman mot ein visning i løpet av skuleåret.
I ungdomsteater (frå 8.kl.) arbeidar vi ut fra ein tematikk som engasjerar elevane. Vi skal jobbe fram mot ein visning, og på vegen dit skal vi innom fleire spennande teknikkar i teaterfaget. Kanskje vil dokke produsere tekst sjølv? Kanskje tek vi utgangspunkt i eit kjent stykke? Dokke skal få jobbe med karakterbygging, ensemblebygging og bli kjent med teaterets krikar og krokar. Stikkord er samarbeid.