Du har sikkert sett musikantar spele på ei fløyte som ein held ut til sida? Då har du sett ei tverrfløyte! Tverrfløyta er den minste av alle treblåseinstrumenta og har fått namnet sitt nettopp fordi den blir heldt til sida – på tvers.
Tverrfløyta passer eigentleg til all slags musikk, men blir ofte brukt i janitsjarkorps og som soloinstrument.
Frå 8år
Undervisninga i tverrfløyte er tilpassa kvar enkelt elev, og kulturskulen har nokre instrument til utleige. Elevar som er med i skulekorps, får låne instrument frå korpset sitt.