16 Stikk Ut-turar i Ulstein

16 Stikk Ut-turar i Ulstein

1. mai startar ein ny sesong med Stikk Ut-sommar.

I raude huer i skogen. - Klikk for stort bileteLiv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd Stikk UT!

 

– Gode møte mellom menneske og natur fremmar livskvalitet og vi er superglade for å tilby så mange fine turmål der heile 187 av 572 turmål er trillevennlege, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

I årets kartbrosjyre, som i desse dager kjem i postkassene til alle innbyggarane i Møre og Romsdal, inviterer friluftsråda alle med ut på tur.

– Vi håper alle kan finne sine turperler. Det er flott å ta Stikk Ut-turar der du bur, men oppfordringa er også å kunne oppdage nokre nye turmål i løpet av sesongen, seier Ellingsæter.

For å vere med på Stikk UT! må du opprette ein brukar og registrere turane dine. Dette gjer du i Stikk UT!-appen. Her finn du også gode turskildringar med kart og gps-spor. Det er gratis å vere med. Gå først inn i AppStore eller Google Play Store for å laste ned appen.

Kominer Stikk Ut-aktiviteten din med Sykle til jobben-aksjonen:  Bur eller jobbar du i Ulstein? - Ulstein kommune 

Turar i Ulstein

Turane er delt inn i fargar etter vanskegrad. Grøn tur passar for dei fleste. Blå turar er for dei med litt turerfaring, og raud tur er for meir erfarne turgåarar med god kondisjon.

  • Aursnesvatnet rundt (ny) (grøn tur)
  • Blåtind frå Eiksund (raud tur)
  • Breidfjellet frå Ulsteindalen (blå tur)
  • Breifjellet frå Hovsetmarka (grøn tur)
  • Eiksundsætra (blå tur)
  • Garnestua – Flåna (blå tur)
  • Hasundhornet – frå Bulegene (grøn tur)
  • Høgda på Eika (ny) (grøn tur)
  • Kiberget (ny) (grøn tur)
  • Løkeberget (blå tur)
  • Mosvatnet (blå tur)
  • Nibben (grøn tur)
  • Roppehornet (blå tur)
  • Røyrafjellet (grøn tur)
  • Skeidsnakken og Mosvarden – frå Bugarden (ny) (blå tur)
  • Ulsteinhetta – frå Ulsteindalen (ny) (blå tur)
Utsikt frå Ulsteinhetta. - Klikk for stort bileteUtsikt frå Ulsteinhetta. Leif Ringstad