20-årsjubileum for barnehagedagen

20-årsjubileum for barnehagedagen

La leiken leve! Det er slagordet for barnehagedagen 2025. 

Dei tre sit framfor ein vegg med tapet som liknar på ein skog. To held plakat med teksta "La leiken leve". Den siste sit med tre ballongar i blått og gult. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Tillitsvald Utdanningsfobundet; Åshild Mork, tillitsvald frå Fagforbundet Jannicke Flø og styrar i Høddvoll barnehage Kathrin Rise. Anja Ertesvåg

Barnehagedagen vert feira 11.mars kvart år. I år er det 20 år sidan den første markeringa.

I Ulstein kommune har Fagforbundet og Utdanningsforbundet lokalt gått saman om å markere denne dagen. I år har dei vore rundt i alle barnehagane med spel og leiker. 

Med slagordet “La leiken leve!” vil barnehagedagen løfte frem barn sin rett til leik, og leiken si betydning for barn si oppleving av ein god barndom.
 

Barn har rett til leik

Dette er den samme leiken som barnekonvensjonen (artikkel 31) beskyttar: Den leiken barna sjølv opplever som lystbetont og frivillig.
FN (2013, s. 5) definerer leik på følgande måte:
Barn sin leik er oppførsel, aktivitet eller prosess sett i gang, styrt og strukturert av barna sjølv; den finn stad når moglegheita er til stades. 

Gratulerer med barnehagedagen!

Plakat med tre barn som strekk seg mot bokstavane på plakaten. Bokstavane har snorer som ballongar. Der står "La leiken leve".  - Klikk for stort bilete