610.000 kroner til Arthurparken

610.000 kroner til Arthurparken

Møre og Romsdal fylkeskommune har løyvd inntil 610.000 kroner til vidare arbeid med Arthurparken og utvikling av ein fargepalett for Ulsteinvik sentrum.

Ulsteinvik sentrum. - Klikk for stort bileteUlsteinvik sentrum. Møre og Romsdal fylkeskommune


Midlane frå fylkeskommunen skal gå til detaljprosjektering av Arthurparken og utvikling av ein felles fargepalett som skal styrke identiteten, kvaliteten og opplevinga av Ulsteinvik sentrum. 

Arthurparken har tidlegare fått støtte frå Miljødirektoratet. 

- Dette er eit viktig steg i det langsiktige arbeidet med å utvikle Ulsteinvik som eit attraktivt, levande og framtidsretta sentrum. Vedtaket er òg ei anerkjenning av samarbeidet mellom næringsliv, kommune, grunneigarar og lokalsamfunn om å skape gode møteplassar og meir attraktive byrom, seier sentrumskoordinator i Ulstein Næringsforum, Rebekka Louise Knotten.

Arbeidet i parken startar til våren

Arthurparken skal bli eit grønt og inkluderande byrom med fokus på trivsel, naturmangfald, klimatilpassing og gode møteplassar for alle. Samstundes vil fargepaletten gi både private og offentlege aktørar eit verktøy for å bygge vidare på den særprega identiteten til Ulsteinvik. 

- Dette er resultat av langsiktig samarbeid mellom næringsliv, kommune, grunneigarar og lokalsamfunn. Vi er stolte over at arbeidet blir løfta fram som eit framtidsretta og nyskapande sentrumsutviklingsprosjekt, seier Knotten. 

Anleggsarbeidet i Arthurparken startar til våren. Arbeidet med fargepaletten startar fortløpande, og Ulstein Næringsforum ønskjer å få med representantar frå næringslivet i ei eiga fokusgruppe.