– Å følge Ulstein frå 90-talet til no har vore eit eventyr

– Å følge Ulstein frå 90-talet til no har vore eit eventyr

Etter 34 år i Ulstein kommune si teneste, takkar kommunedirektør Verner Larsen for seg og vert pensjonist. 

Stian og Verner i kommunestyremøtet på Sunnmøre folkehøgskule. Verner med blomster. - Klikk for stort bileteOrdførar Stian Skorgen Scheide takkar av kommunedirektør Verner Larsen. Birgitte Vikanes

– Eg har tenkt at 34 år er lang tid, men når det vart påpeikt at det er like lenge som ordføraren vår har levd, og det samstundes vert sagt at ordføraren vår er så ung, så er det kanskje ikkje så gale likevel, helsa kommunedirektør Verner Larsen då han deltok på sitt siste kommunestyremøte i Ulstein, 27. juni.

No er det pensjonistlivet i Oslo som ventar.

Og Ulstein sin unge ordførar, Stian Skorgen Scheide, er litt skeptisk til om Larsen har evna til å drøye morgonkaffien til langt på formiddagen og nyte roa.

– Nei, eg veit ikkje heilt om eg trur på at du skal verte pensjonist. Men la oss sjå kva du finn på i Oslo-bygda. Og skulle det ikkje passe for deg, veit eg at de har ein ferieplass her i nærleiken, og du vil alltid vere velkomen tilbake, helsa Scheide.

Har stor respekt

Verner Larsen takka alle dei folkevalde for innsatsen dei legg ned i vervet.

– Eg har stor respekt for dykk. Eg har stor respekt for at de tek på dykk opppgåva som politikarar og fyller alle rollene i utvala og styra våre.  Vi har ulike roller som administrasjon og folkevalde, og vi skal balansere dette på ein god måte. Det er ikkje enkelt. Les du avisene kan du få inntrykk av at kommunedirektørar er forbruksvare på lik linje med fotballtrenarar. Det er utfordrande å få organisasjonen til å fungere, men når han fungerer, spelar vi kvarandre gode.

Verner Larsen har vore rådmann/kommunedirektør i Ulstein sidan 2019. Han har også vore mellom anna assisterande rådmann og økonomileiar i kommunen.

– Vi har vore heldige i Ulstein. Vi har fått til eit godt samarbeid mellom administrasjon og folkevalde. Det er kanskje det som har gjort at eg har sete så lenge som eg har gjort. Det handlar ikkje om passivitet og giddaløyse, men om den ekstreme utviklinga vi har fått til i Ulstein. Det har vore eit eventyr å følge Ulstein frå 90-talet og fram til no. 

Verner kuttar kaka. - Klikk for stort bileteKakefest for Verner Larsen i hans siste kommunestyremøte som kommunedirektør. Birgitte Vikanes

– Du har ikkje heva stemma ein einaste gong!

Stian Skorgen Scheide var full av lovord om Verner Larsen.

– Vi folkevalde kjem med stadige spørsmål og byd tidvis også kanskje opp til nokre tvistar. Du er like tolmodig kvar gong. Du svarar roleg tilbake, held stø kurs, er klar og tydeleg og utviser stor tryggleik. Gjennom alle sakene vi har hatt, kan eg ikkje hugse at du har heva stemma ein einaste gong. Du tek oss gjennom sakene på ein god måte, du forklarer kvifor ting er som dei er. Som ny ordførar har kunnskapen og støtta di vore uvurderleg. Du har tyngde og eg trur du hugsar ordrett vedtak heilt tilbake til 1998. Eg tek av meg hatten! sa ordføraren.

– Takk for meg og god tur vidare

Å vere politikar i 2010, i 2015 eller i 2024 er ikkje det same, hevda Verner Larsen.

– Hald fram med det gode samarbeidet og med utviklinga vidare. Ein organisasjon har noko fantastisk ved seg. Og denne organisasjonen har eg fått vere med på å påverke. Kanskje har eg også fått vere med på å finne opp, forme eller arbeide fram noko av det vi er så stolte av i Ulstein i dag. Så er det slik at organisasjonen også har påverka og utvikla meg. Denne dynamikken mellom organisasjonen som påverkar enkeltmennesket og enkeltmennesket som påverkar organisasjonen er gull verd. Og vil vere endå meir gull verd i åra som kjem. Ta vare på den. Takk for tilliten og takk for samarbeidet! Takk for meg, og god tur vidare!

Då står det berre att å gjenta det som stod på kaka frå dei folkevalde til kommunedirektøren: Tusen takk!

Kake med bilde av Verner Larsen og teksta: Tusen takk! - Klikk for stort bilete Birgitte Vikanes