Aktivitetshuset på Vikholmen - eit hus for folket!

Aktivitetshuset på Vikholmen - eit hus for folket!

Aktivitetshuset Vikholmen ligg idyllisk til ved sjøkanten - Klikk for stort bilete Kari Marie Øvrebøe

Aktivitetshuset på Vikholmen er eit forsamlingshus som leigast ut til både privatpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar.

Litt om Aktivitetshuset Vikholmen

Huset er eigd og drive av Stiftelsen Vikholmen, som er danna av tre lokale lag: Sørøyane Røde Kors, Ulstein Seilforening og Ulsteinvik Småbåtlag. Aktivitetshuset ligg idyllisk til ved sjøkanten, og stiftinga har som føremål å tilby eit rimeleg og tilgjengeleg lokale til alle i Ulsteinvik og omegn. Dei ønsker å vidareføre den opphavelege tanken bak Aktivitetshuset, nemleg at det skal "innrettast til beste for utøving av ulike aktivitetar for folket i bygda."

 

Livssynnøytrale seremoniar

Ulstein kommune har avtale med stiftinga om å stille lokala sine til disposisjon til livssynnøytrale seremoniar, for innbyggarar heimehøyrande i Ulstein. Seremonirommet kan fritt nyttast av personar som ønsker namnefest, dåp, konfirmasjon, vigsel eller gravferd - enten ein er knytt til eit trussamfunn, eller om ein ikkje ønskjer eit religiøst innhald i seremonien. Du kan lese meir om livssynnøytralt seremonirom her

 

Kva anna kan aktivitetshuset brukast til?

Aktivitetshuset på Vikholmen kan brukast til meir enn som seremonirom. Det passar perfekt til ei rekke ulike arrangement, som til dømes:

  • møter og kurs for bedrifter, lag og organisasjonar
  • fest og feiring som bryllaup, konfirmasjonar, bursdagar og jubileum
  • sosiale samankomstar for vener, familie og nabolag (i går var det til dømes halloween-feiring der)

 


Vil du leige Aktivitetshuset?

På nettstaden vikholmen.no finn du meir informasjon om lokala, instruks for utleige, der er kalender som viser tilgjengelegheit og skjema for bestilling av lokale. 

 

Adresse

Stiftelsen Vikholmen, eller Aktivitetshuset Vikholmen som det også blir kalla, ligg i Sjøgata 78 (ved småbåthamna i Ulsteinvik sentrum).