– Alle barn og unge som vil vere med på fritidsaktivitetar, skal ha moglegheit til det, seier Vedrana Terzic som er prosjektansvarleg for «Alle skal med i Ulstein».
Søknadsskjema
www.kontantkassa.no er ei støtteordning der trenarar og leiarar på ein enkel og ubyråkratisk måte kan søke om pengar til enkeltpersonar, slik at alle barn og unge mellom 6-18 år skal få delta i organiserte fritidsaktivitetar, uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon. Støtta kan til dømes verte brukt til å betale kontingent/eigendel, lommepengar til turar, konkurransar og turneringar knytt opp mot ulike fritidsaktivitetar.
Det er laget/foreininga (idrettslaget, korpset, koret etc.) som kan sende søknaden til kommunen. Ressurspersonar som jobbar i kommunen, som helsesjukepleiarar, miljøterapeutar, rådgivarar, barnevernstenesta m.m. kan også søke. Barnet eller familien kan ikkje søke sjølv.
Kan søke fleire gonger
Ulstein er ein av ni kommunar i fylket som er med på ordninga. Det er mogleg å søke om inntil 2.400 kroner i tilskot per person per år. Det er altså mogleg å søke fleire gongar gjennom året for kvar person.
Møre og Romsdal idrettskrets har fått midlar frå Gjensidigestiftelsen til arbeid for å opprette og utvikle dette tilbodet.
Kommunestyret i Ulstein vedtok i 2019 å bruke 250.000 kroner årleg til førebygging av utanforskap. 50.000 kroner av denne posten går til Kontantkassa. I tillegg bidreg Møre og Romsdal idrettskrets med eit tilsvarande beløp.
Den som søkjer har ansvar for å følge opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt støtte til, og det er ønske om at to personar går god for søknaden.
Har du starta opp nye aktivitetar eller prosjekt vi bør vite om?
Meld det inn her!