Arkeologisk utgraving på Skeide

Arkeologisk utgraving på Skeide

Skeide Per Eide

I desse dagar startar arkeologane utgraving på Skeide.

I samband med utarbeiding av ny reguleringsplan for Skeide vart det i fleire omgangar gjort arkeologiske registreringar basert på reglane i kulturminnelova. Det vart gjort registreringar ved sjakting og prøvestikk m.m. Dette resulterte i ein del funn. Funnområda er vist på vedlagde kart med raud stipla strek og bokstav R (PDF, 3 MB). Nokre av funnområda har vorte verna og ligg i regulerte område som ikkje kan byggjast ut (landbruk- og friområde) og nokre areal er frigjevne til utbyggingsføremål utan krav om utgraving. Dei tre områda som no skal gravast ut er frigjevne til utbygging, men med krav om utgraving før gjennomføring av tiltak. Desse områda er viste med nummer på kartet (143258 – utgraving av liten del mot nord, 143255 og 219556). Det er i utgangspunktet sett av seks veker til feltarbeidet.

Det er Universitetsmuseet i Bergen som står for utgravingane med arkeolog Trond Eilev Linge som ansvarleg. På grunn av smittefare kan arkeologane ikkje ta imot besøk under arbeidet sitt, men om nokon har spørsmål, kan Linge kontaktast på telefon nr. 915 24 230.

Når det gjeld framdrift for utbygging av vegar, vassforsyning og avløp m.m., så tek Ulstein kommune sikte på å kome i gang enten like før eller rett etter sommarferien.
 

Kontakt

Arne Runar Vik
kommunalsjef
E-post
Mobil 41 58 24 40