Bålforbod frå 15. aprilVi minner om det generelle bålforbodet som gjeld frå 15. april til 15. september. Her kan du lese meir om kva som er lov – og kva du må unngå. Pixabay.com I Noreg er det generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod mot å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog, kystområde og anna utmark (utmark er det meste av innsjøar og vatn, strender, myr, skog og fjell i Noreg).Generelt bålforbodSjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein større brann. Dette kan for eksempel vere dersom det ligg snø på bakken, eller at det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov til å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjende av kommunen. Du kan grille i din eigen hage sjølv om det er generelt bålforbod. Hagar reknast som innmark og er ikkje omfatta av forbodet.Gode tips om trygg bålbrenning finn du her.Lokal forskriftUIstein kommune har lokal forskrift som definerer kva du kan brenne, og kvar det ikkje er lov å brenne bål. Føremålet med forskrifta er å hindre forureining og helseproblem, og redusere brannfaren i kommunen som følge av open brenning og brenning av avfall i småomnar.Her kan du lese Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Ulstein. Publisert av Janne-Marit Myklebust Publisert 15.04.2025 13:59 Sist endra 15.04.2025 15:22