Bassengtrening for gravide startar opp igjen

Bassengtrening for gravide startar opp igjen

Terapibadet i Ulsteinbadet - Klikk for stort bileteTerapibadet i Ulsteinbadet John Frode Kvam Ulstein og Hareid kommune tilbyr felles bassengtrening for gravide i terapibadet på Ulstein Arena.

 

Kvinner som er fysisk aktive i svangerskapet, opplever enklare svangerskap og fødslar, har betre sjølvkjensle og legg mindre på seg enn kvinner som ikke er fysisk aktive under graviditet.

Bassengtrening kan vere ein treningsmetode som passar for mange der ein får trene utan å ha stor belastning på ledd. Det passar også for ein del av dei med bekkenplager. Treninga vil legge vekt på ein kombinasjon av styrke og uthald, samt litt puste- og avspenningsøvingar.

Når: Kvar mandag kl. 15-16, oppstart 17. august. 

Pris: Det kostar ingenting, men du må hugse å melde seg på i forkant.

Instruktør: Silje Kiperberg Aksnes, kommunefysioterapeut.

Påmelding: på epost: silje.kiperberg.aksnes@hareid.kommune.no eller ring/send sms til 95891289. 

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

Personar med symptom på luftvegsinfeksjon – også lette symptom, kan dessverre ikkje delta. Hugs også å halde avstand i garderobe og basseng.

Velkomen!