Aktivitetsleiar, Nathalie Strandebø, og SLT-koordinator, Vedrana Tezic, håpar at akkurat DU vil bli tilkallingsvikar i Ung Arena.
Ulstein kommune
Er DU ein av dei mange positive og engasjerte ungdomane som vil vere med på å skape trygge møteplassar, spennande aktivitetar og gode opplevingar for barn og ungdom i Ulstein kommune?
Send ein open søknad til stillingar som tilkallingsvikarar i Ung Arena.
Her kan du lese meir om stillingane og sende søknad
Det er ingen søknadsfrist på tilkallingsvikarstillingane.
Fleire søkarar vil få tilbod om stilling, og vil bli sett opp på ei vikarliste der ein vil bli kalla inn etter behov.
Utgjer ein forskjell for barn og ungdom i Ulstein
- Vi trur dette kan vere ein kjekk jobb for ungdom som ønskjer erfaring og ein god start i arbeidslivet. Vi har allereie byrja å få inn fleire søknadar og vi vil prioritere ungdom som har vore frivillige i Ung Arena før, seier SLT-koordinator i Ulstein kommune, Vedrana Terzic.
– Søkarar må vere fylt 16 år, men vi håpar å få tilkallingsvikarar i ulike aldrar. Ung Arena ønsker å skape inkluderande møteplassar, og vi veit deltakarane våre set pris på trygge ungdomar som er saman med dei, seier aktivitetsleiar i Ung Arena, Nathalie Strandebø.
– Dette er ein meiningsfull jobb, der ein verkeleg kan utgjere ein forskjell for barn og unge i Ulstein. Vi vil tilpasse aktivitetane ein er med på etter søkarane, og håpar mange vil ta kontakt med oss. Send oss ein kort søknad og CV der du fortel litt om kven du er, kva erfaring du har, og kva du kan bidra med i Ung Arena, avsluttar Terzic.
Ingen dag er lik, men alle er gode
Som tilkallingsvikar i Ung Arena er ingen dagar like, men alle dagar er gode.
Ein dag kan du vere med og arrangere gamingkveld, ein annan dag vere med på open hall, lage mat saman med ungdom eller bidra til aktivitetar i skuleferiar, som t.d. Ung Arena sin sommarcamp.
Gjerne har erfaring frå frivillig arbeid, ungdomsarbeid, idrett, gaming eller andre fritidsaktivitetar
Stillinga passar godt for studentar, unge vaksne eller andre som ønskjer ekstraarbeid ved sidan av studiar eller annan jobb. Ein kan gjerne ha erfaring frå frivillig arbeid, ungdomsarbeid, idrett, gaming eller andre fritidsaktivitetar, men alle søknadar er velkomne.
Om Ung Arena
Ung Arena er ei samla satsing på ungdomsarbeid i Ulstein kommune.
Under Ung Arena finn du mellom anna:
- Frivilligsentral UNG
- BUA utlån sentral
- Bell Ungdomsklubb og Ulstein Arena
- Aktivitetar og arrangement i heile Ulstein kommune
Gjennom desse tilboda arbeider Ung Arena for å skape inkluderande møteplassar der barn og ungdom kan oppleve fellesskap, meistring og glede.