Bru til arbeid-prosjektet ber frukter

Bru til arbeid-prosjektet ber frukter

Denne gjengen har gjennomført avdeling for inkludering og mangfald sitt første kvalifiseringsløp i prosjektet Bru til arbeid.

Deltakarane har gjennomført eit bransjeretta kvalifiseringsløp som har vart i seks månader. Her har dei kombinert norskopplæring, fagopplæring retta mot barne- og ungdomsarbeidarfaget og praksis i barnehage eller skule.

Målsettinga har vore å gjere deltakarane budde på å arbeide som assistentar i barnehage eller skule.

Fleire av deltakarane har i løpet av kvalifiseringsløpet fått jobb, både som tilkallingsvikarar og i større stillingar.

Bru til arbeid-prosjektet IMU - Klikk for stort bilete Karen Strand Gjengen som har gjennomført Bru til arbeid - samla. - Klikk for stort bileteDeltakarane saman med nokre av leiarane frå IMU, barnehagar og skular i Ulstein. Karen Strand