Desse sparkar i gang Sykle til jobben-aksjonen i Ulstein: F.v. Vegard Ertesvåg, Birgitte Vikanes, Cecilie Roppen, Stian Skorgen Scheide og Inger Lise Kaldhol.
Janne-Marit Myklebust
Ver med på årets Sykle til jobben-aksjon og opplev ein vår full av moro, vennskapleg konkurranse og aktivitet. Meld deg på no og spark i gang ein sunnare og meir aktiv livsstil.
Ulstein kommune ønsker å motivere deg til å verte meir aktiv, og sponsar deltakaravgifta for alle som bur eller jobbar i kommunen.
Les meir og registrere deg i kampanjen her: https://www.sykletiljobben.no/
Du MÅ ikkje sykle
Uansett om du syklar, går på tur i fjellet, tek ein symjetur eller ei danseøkt, tel det som aktivitet og aukar sjansane dine i konkurransen. Registrer aktiviteten din mellom 3. mai og 16. juni for å vere med i trekninga av spennande premiar – samtidig som du vert supersprek.