– Ein takk for at vi er så heldige å få bu på denne vakre staden

– Ein takk for at vi er så heldige å få bu på denne vakre staden

Kommunen fekk ei tidleg julegåve då Svein Eiksund og Per Eide i desember presenterte Song til Ulsteinvik i ny prakt og drakt!

Con Moto med Ulsteinvik i ryggen. - Klikk for stort bileteCon Moto på Hasundhornet. Per Eide

I kommunestyret 12. desember fortalde Eiksund om bakgrunnen for “Song til Ulsteinvik” – som er kåra til den nest vakraste bygdesongen i landet i NRK-programmet Norgesglasset (berre slått av bygdesongen til Kvinesdal). 

– Før krigen budde det ei handelsslekt og songarslekt på Saunes. Helge Saunes var yngst av ti søsken, og i sin ungdom starta han butikk i Eiksund. Derifrå sykla han til og frå for å vere med på øving med Ulstein mannskor, seier Svein Eiksund for å skildre litt av dedikasjonen Saunes hadde til song og musikk.

Like før krigen flytta han til Ålesund og vart med i Ålesund mannssangforening, men lengten etter Ulsteinvik bar han med seg heile livet. I det koret møtte han Johs. Bratseth med aner frå Hareid. Han var både pianist og komponist. 

– Det var denne koplinga som i si tid resulterte i songen til Ulsteinvik. 

Musikkvideo

Eiksund fortel at koret han dirigerer, Con Moto, har brukt songen i 46 år. For fem år sidan fekk han ideen om å løfte fram songen med ein musikkvideo. Det tok ikkje lang tid før fotograf Per Eide melde si interesse for å vere med på prosjektet. Med seg fekk dei også Kjetil Eiksund, som laga dei nye musikkarrangementa. 

Det er ei blanding av kor og solistar, eldre og yngre som er med i musikkvideoen, og på det siste verset er også Ulstein mannskor med (sjå tekst lenger nede).

– Dette er ei gåve frå oss til Ulstein kommune. Ei takk for at vi er så heldige å bu på denne vakre staden, i denne gode kommunen, i dette fredelege hjørnet av verda. Det er også ei gåve frå alle aktørane som har stilt opp gratis for å få dette realisert, og ein hyllest til Helge Saunes og Johs. Bratseth som har gitt oss denne songskatten.

Restultatet ser du her: 

Song til Ulsteinvik

Som ei dronning millom møyar, 
ut med havet der i vest. 
Ligg du kransa av små øyar, 
og i livd for storm og blest. 
I mot sør i bakkehellet, 
kringom blenkjer våg og vik. 
Og mot nord i ly av fjellet, 
der ligg bygda Ulsteinvik.

Her er fjell og fjord og strender, 
bratte lier, berg og skar, 
her har fedres trugne hender 
rudt og bygt vår ættegard. 
I frå tind og nut og kollar 
blenkjer sund kring holmar små, 
smale grender, grøne vollar 
speglar seg mot kvelven blå.

I frå våg og vik og grender, 
skip og båtar stemner ut, 
over hav mot fjerne strender 
fòr so mang ein grepa gut, 
siglde med si stolte skute 
gjennom storm og ville kav. 
Mange fekk si grav derute, 
og vart gøymd i djupe hav

Kor vi enn i verda vankar, 
barndomsbygda er oss kjær, 
og i lengt og varme tankar 
ho vårt hjarte då er nær. 
Mang ei bygd vi fann på ferda, 
som var fager, god og rik. 
Ingen stad i heile verda 
er som bygda Ulsteinvik.

Gjev du alltid fram må stiga
 i din vokster, i din prakt. 
Aldri ned i avmakt siga, 
vi ikring deg vil stå vakt. 
Fedrearven vil vi tryggja, 
gjera bygda stor og rik, 
og i kjærleik vil vi byggja deg
vårt fagre Ulsteinvik.