Eit lite tilbakeblikk

Eit lite tilbakeblikk

I uniform med spylarslange utanfor brannstasjonen. - Klikk for stort bileteGlade for ny brannstasjon. Ivan Brandal og Harald Øvereng. Desse to prydar framsida for årsrapporten 2022. Janne-Marit Myklebust

Ny brannstasjon, rekord i busetting av flyktningar, feiring av topplassering i kommunebarometeret og smådrypp frå alle dei 26 avdelingane i Ulstein kommune. Sjå årsrapporten vår for 2022 her.

Det kom mange lovord frå dei folkevalde då kommunestyret torsdag 22. juni godkjende årsrapporten 2022 for Ulstein kommune.

Grunnen kan du lese om her: Årsrapport 2022 – Ulstein kommune

– Dei tilsette i Ulstein går den ekstra mila når det er naudsynt. Det kjem klart fram i denne rapporten, sa Magne Gurskevik (Ap) mellom anna.