Enklare innsyn i dokumenta til kommunen

Enklare innsyn i dokumenta til kommunen

Dokument som er sende til og frå kommunen kan no lastast ned direkte frå nettstaden vår.

Utsnitt av ein person som held ein smart-telefon. - Klikk for stort bilete Adobe Stock

E-postar, brev og andre dokument som vert sende inn til ein kommune eller ei anna offentleg verksemd, er offentlege dokument som alle har rett til innsyn i. Det same gjeld dokument kommunen sender ut.

Tidlegare måtte du sende eit innsynskrav for å få lese dokument. Frå og med 17. desember er det endra. No kan du laste ned dokument direkte frå postlista på nettstaden vår. Postlista er ei oversikt over inngåande og utgåande dokument i saker.

 

NB! Ikkje alle dokument kan lastast ned. Nokre er unnatekne offentleg innsyn fordi innhaldet må skjermast etter reglane i offentleglova og forvaltningslova.

Du kan lett finne dei dokumenta som vi har publisert i fulltekst i postlista vår:  

Postliste

Saksdokument i saker som vert politisk behandla finn du i denne løysinga.

Møte og utval

Parti