Adobe Stock
Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF) vert avvikla som eige selskap frå 1. januar 2025 og vil frå då vere ei avdeling under Ulstein kommune.
Ulstein kommune tek over alle rettar og plikter til UEKF ved fusjonen. Leigekontraktane vert difor vidareført, og vi treng ikkje opprette nye.
Fusjonen vil påverke deg som leigetakar i lita grad, men her finn du litt informasjon om kva som vil skje i overgangen:
- Faktura på husleige frå og med januar 2025 vert sendt frå Ulstein kommune med nytt bankkontonummer 3991.12.88706.
- Dersom du nyttar avtalegiro eller e-faktura vil bankkontonummeret verte automatisk endra, og du treng ikkje gjere noko.
- Grunna flytting av avtalegiroavtalar frå UEKF til Ulstein kommune vil faktura for januar 2025 verte fakturert i andre halvdel av januar.
- Faktura for januar 2025 og februar 2025 vil begge ha forfall i februar 2025. Dei som har avtalegiro må sjekke at beløpsgrensa på avtalegiroavtalen er høg nok til å dekke to husleiger.
Ta gjerne kontakt om det skulle vere noko. Sjå kontaktinformasjon under.