Er du vår nye eigedomssjef?
Ulstein kommune søker ein engasjert og fagleg dyktig eigedomssjef som vil spele ei sentral rolle i utviklinga av kommunen sine eigedomar.
Heile utlysingsteksta finn du her:
Vi søker eigedomssjef
Søknadsfrist 26. januar.
Eigedomsavdelinga har ansvaret for – og driftar av den totale eigedomsmassen til Ulstein kommune, som er om lag 80 000 kvadratmeter bygg.
Som eigedomssjef får du
- overordna ansvar for eigedomsforvaltning i kommunen, inkludert økonomisk, teknisk og strategisk oppfølging
- ansvar for å leie og utvikle eit kompetent team innan eigedomsforvaltning
- ansvar for å planlegge og gjennomføre nye byggeprosjekt, vedlikehald og andre utviklingsprosjekt
- ansvar for forhandling og administrasjon av leigeavtalar og oppfølging av bustadsosialt arbeid
- ansvar for oppfølging av brukarar og samarbeidspartnarar for å sikre gode relasjonar og høg brukartilfredsheit
Informasjon om eigedomsavdelinga vår finn du her: Eigedomsavdelinga - Ulstein kommune
Ulstein Arena med bibliotek, klivrehall og badeanlegg.
Per Eide
Publisert 02.01.2025 13:46
Sist endra 20.01.2025 11:20