Fagdag om ungdom og rus

Fagdag om ungdom og rus

Måndag 26. oktober, klokka 09.00–15.30 vert det fagdag med tema ungdom og rus på Høgskulen i Volda, Berte Kanutte huset. 

Illustrasjonsfoto. Pexels.com/Sebastian Voortman

Fagdagen er eit årleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. 

Målgruppene er tilsette innanfor helse- og omsorgssektoren og oppvekstsektoren i kommunane og sjukehuset, samt studentar og tilsette ved høgskulen og andre som er interesserte i temaet.

  • Dato: 26. oktober 2026
  • Tid: 09.00–15.30
  • Stad: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte huset

 

Ungdomstida er prega av utforsking og søk etter identitet. Nokre eksperimenterer med rusmidlar og for nokre vert dette starten på eit misbruk. Hjernen til ungdomen er under utvikling og difor  sårbar for påverknad av rusmidlar. I løpet av dei siste  åra har alkoholbruk blant ungdom gått ned og debutalderen har gått opp. Samtidig har ein sett ein auke i bruk av illegale rusmiddel som cannabis og kokain.

Fagdagen skal ha fokus både på det førebyggande perspektivet og på måtar vi kan hjelpe dei som har utvikla eit alvorleg rusmisbruk. Vi vil gå gjennom endringar som kjem i 2028 når ein større del av ansvaret for tiltak vert flytta frå barnevernet over til helsevesenet. Hausten 2026 vil ein i Møre og Romsdal ta i bruk det 8. pasientforløpet i «Barn og unges helsetjeneste» som har fått namnet «Ungdom og rus».

Program

09.00: Velkommen ved Jenny Raftevold Lyngstad, avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge.

09.05: Ungdom og rus ved Marianne Stallvik. Ungdomskultur, haldningar til rus og konsekvensar for tiltaksapparatet.

09.50: Det førebyggande perspektivet.

10.35: Pause.

10.50: Ungdom med alvorleg rusproblematikk, målgrupper og framtidig behandlingstilbod.

12.00: Lunsj.

13.00: Førebygging og rusbehandling for ungdom med erfaring frå institusjonsbarnevernet ved Reidar Haug.

13.45: Pause.

14.00: Informasjon om rusprøver ved Andreas Austgulen Westin.

14.30: Det åttande samhandlingsforløpet i Barn og unges helseteneste ved Elisabet Stalheim Pedersen.

15.00: Oppsummering og avslutning.

Praktisk informasjon

Kurset Ungdom og rus er godkjent av Norsk psykologforening som vedlikehaldskurs for spesialistar med 6 timar.

Frist for påmelding: 21. oktober 2026 klokka 23:59

Alle deltakarar melder seg på via: LetsReg.no

Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord: bjorn.gunnar.tafjord@hivolda.no