Feira nytt tilbygg

Feira nytt tilbygg

Almejordet barnehage har fått eit etterlengta tilbygg og ansiktsløft av inngangspartiet. Dette har dei feira med kakefest og snorklipping.

Ulstein Eigedomsselskap KF har bygd ut barnehagen medt grovgarderobe til avdelingane Tigergutt og Ole Brumm. Dei har også ordna eit ekstra toalett, og avdelingane har fått eigne inngangsdører. Ute har dei ordna eit tilrettelagt område for sovevogner. 

Fargerike detaljar og bokstavar på veggen ved det nye inngangspartiet er også endeleg på plass.

Tigergutt i fargerike bokstavar på veggen. - Klikk for stort bileteAvdelinga Tigergutt har fått nytt inngangsparti. Stian Skorgen Scheide Samla for snorklipping. - Klikk for stort bileteHøgtidleg snorklipping. Stian Skorgen Scheide Karen klipper snora. To barn held snora. - Klikk for stort bileteKommunalsjef Karen Strand fekk æra av å klippe snora. Ann-Christin Bonde Helliksen. Bord med grillmat utanfor barnehagen. - Klikk for stort bileteUlstein Eigedomsselskap stelte til skikkeleg fest med grillmat og kake. F.v. Idar Brekke, Anne Hestflått og Heidi Lunde. Ann-Christin Bonde Helliksen

Ulstein Eigedomsselskap stilte med grillmat og kaker, og heile seansen vart toppa med besøk av den svært populære brannbamsen Bjørnis.

Brannbil og Bjørnis med mange folk rundt. - Klikk for stort biletePopulær som få. Brannbamsen Bjørnis på besøk i Almejordet barnehage. Stian Skorgen Scheide