Flest flytta til Ulstein

Flest flytta til Ulstein

Ved utgangen av andre kvartal var vi 8 890 innbyggarar i Ulstein kommune. Vi veks meir enn dei fleste andre kommunar på søre.

Utsikt mot Ulsteinvik - Klikk for stort bilete Per Eide
Innbyggartal i sjustjerna
Kommune Folketalsvekst Innbyggartal 2. kvartal
Ørsta 17 10 972
Volda -61 10 902
Herøy 8 8 905
Ulstein 42 8 890
Hareid 7 5 166
Vanylven 37 3 034
Sande -17 2 444

Tabellen viser folketalet i kommunane i sjustjerna ved utgangen av andre kvartal 2023. Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå.

Vanylven kommune har prosentvis høgast folketalsvekst, men i reine tal er det flest folk som har flytta til Ulstein.

Ørsta er størst på søre Sunnmøre, med Volda hakk i hæl, medan det er 15 innbyggarar som skil mellom Ulstein og Herøy.

Men berre Ulstein har ein trippel verdsmeister i 400 meter hekk.

Så det er sagt.

Du kan grave deg djupare inn i statistikken her.