Følg kommunestyret direkte

Følg kommunestyret direkte

Menyen til kommunestyret torsdag 30. mai er rikhaldig. Frå lokalisering av gravplass, via alkoholpolitisk handlingsplan, til innføring av Helseplattforma og mange andre saker. Følg sendinga direkte!

Kommunestyret skal også mellom anna godkjenne årsmelding og rekneskap for 2023 for Ulstein kommune og Ulstein Eigedomsselskap, ta stilling til mogleg fusjon mellom Furene og Ulshav, samarbeid med alkovettorganisasjonen Av-og-til, og diskutere ei mogleg overtaking av Høddvollbarnehagen. 

Noko for ein kvar smak med andre ord.

Politikarane møter allereie klokka 14.00 for temamøte om inkludering og mangfald.

Sjølve kommunestyremøtet startar klokka 17.00, og du kan følge sendinga direkte.

Sjå møtet

Du kan også gå inn på førehand for å sjå forslaga til vedtak som ligg på dei ulike sakene.

Sjølve saksdokumenta kan finn du i innsynsløysinga vår:

Sjå sakene

PS. Om du har lyst til å følge møtet frå tilskodarbenken har du sjølvsagt lov til det også. Møtet vert halde i lokala til Sunnmøre folkehøgskule i Varleitet.