Foreslå kandidatar til Frivilligprisen 2021Her er mange eldsjeler i kommunen vår. Fram til 28. november kan du foreslå kandidatar til Frivilligprisen i Ulstein Ulstein frivilligsentral delar kvart år ut Frivilligprisen på den internasjonale frivilligdagen 5. desember. Prisen er på 5000 kroner. Frivilligprisen blir tildelt ein initiativrik person eller ei gruppe som har utmerka seg med frivillig arbeid i kommunen. Les meir om prisen og korleis du går fram for å foreslå kandidatar. Sist endra 12.11.2021 09:52