Frå laminat til digitalt

Frå laminat til digitalt

..eller kanskje begge deler? I Ulstein vil vi gjere det lettare for deg ved å tilby digitalt følgekort (ledsagerbevis).

Innbyggarar som har behov for følge til fritidsaktivitetar og anna, som kollektivtransport, kan søke kommunen om følgekort. Det er inga aldersgrense for å søke om dette.

Portrett - Klikk for stort bileteAnnika Brandal er den som har ansvaret for tenesta med følgekort i Ulstein kommune. Ho gler seg over at vi no kan tilby følgekortet digitalt.q Janne-Marit Myklebust

Det er eit mål at menneske med nedsett funksjonsevne skal kunne leve eit mest mogleg sjølvstendig og aktivt liv. Følgekort er eit tiltak for å nå det målet. 

Les meir om korleis du søker

Prøveordning som vert fast

I Ulstein har vi sidan nyttår vore med på ei nasjonal prøveordning med digitale følgekort. Dei tradisjonelle korta vert printa og laminert og er på storleik med eit bankkort. Vi tilbyr framleis dette, men vi ser at fleire no ønsker seg ein digital versjon.

– Digitale følgekort kan du ha på mobiltelefonen din. Har barnet ditt følgekort kan begge foreldra få tilgang på sine telefonar, så slepp dei til ei kvar tid å halde orden på kven som har kortet, fortel kulturkonsulent Annika Brandal.

Eksempel på digitalt følgekort på mobiltelefonen - Klikk for stort bileteEksempel på digitalt følgekort på mobiltelefonen. ledsagerbevis.no

Sidan ordninga framleis er nokså fersk, er tenesta også stadig under utvikling. Endringsønske vert tekne imot med stor takk, seier Brandal.

– Vil tilbyr framleis fysiske følgekort, men eg tenker at den digitale løysinga er langt meir allsidig og brukarvennleg. Vi vil jo gjere det enklast mogleg for innbyggarane våre, og så er bonusen at det er enklare for oss som handsamar søknadene også.