Det var stor interesse for foredraget om nettsvindel som politiførstebetjent Henrik Vikebakk Sandstad heldt under den første SeniorTimen hausten 2026.
Ulstein kommune
Deltakarane på den første SeniorTimen hausten 2026 fekk innsikt i korleis svindlarar går fram for å lure folk, kva for svindelmetodar som er mest vanlege, og ikkje minst kva ein bør gjere dersom ein blir utsett for svindel.
Eit enkelt, men viktig råd frå dagen var: STOPP! TENK! SJEKK!
Desse tre orda kan vere avgjerande for å unngå å bli lurt på nett.
Tusen takk til politiførstebetjent Henrik for eit engasjerande og nyttig innlegg, og takk til alle som møtte opp og bidrog til ein flott SeniorTime!