Jarle Nygjerde har upåklageleg utsikt frå stova.
Janne-Marit Myklebust
– No har eg sove her i fire netter! Eg er svært nøgd, helsar ein blid Jarle når kommunen ringer på.
Leiar for plan- og bygningsavdelinga, Anita Sundnes, og ingeniør byggsak, Arild Støylen, har med seg både fyrstekake og ny potteplante til nyinnflyttaren.
48 bustadtomter
Kommunen har lagt til rette for 48 bustadtomter i området. Det er gitt byggeløyve til ni bustader, og det er gitt eitt bruksløyve – til Jarle.
– Til saman har vi selt 14 bustadtomter, inkludert dei ni som har fått byggeløyve. Og vi har åtte andre som har reservert tomt, fortel Anita Sundnes.
I tillegg var det lagt til rette for fire felt med tettare utnytting. Det er byggemeldt på tre av desse, med til saman 25 bueiningar: fire mindre einebustader i rekke, sju mindre einebustader i tun, og to småblokker med til saman 14 leilegheiter.
Interessert i tomt? Les meir om bustadfeltet på Skeide her.
Det poppar opp stadig nye hus på Skeide.
Janne-Marit Myklebust
– Ein god stad å bu
Jarle Nygjerde har ikkje flytta langt. Det er neste så han kan sjå "heim", der yngstesonen no har teke over gamlehuset som ligg like over Ulstein skule.
– Det er det flotte med å bu her. Her bur unge og eldre side om side. Det vert bygd nye hus i allereie etablerte felt. Det gir eit godt oppvekstmiljø og eit godt naboskap, meiner Nygjerde.
Nøgd huseigar. Jarle Nygjerde er sjølv fagmann, og har lagt ned mykje eigeninnsats i huset, og også følgt nøye med på dei som har stått for husbygginga. Han rosar alle involverte. – Dette huset skal stå imot både ver og vind!
Janne-Marit Myklebust
Husdraumen delte Jarle med kona Anne Karin.
– Ho var oppteken av at eg skulle bygge huset, sjølv då ho var alvorleg sjuk, fortel Jarle.
– Ho gjekk frå å seie "vi" om byggeprosessen til "du" – og sikta til at ho meinte at eg skulle bygge, sjølv om eg vart aleine. Vi skulle jo bu her saman, men slik vart det ikkje. Ho døydde av kreft, julaftan i fjor, fortel han.
Jarle valde å lytte til orda til kona, og tok fatt på byggeprosessen
Han rosar samarbeidet med Ulstein Entreprenør, Ørsta Byggservice - Boligpartner, og familien.
– Her får eg det godt, og med god plass til besøk av ungar og barnebarn. Og med ei topp plassering med utsikt rett ut i havet.
Og etter kvart også fleire nye naboar.